søndag 16. juli 2017

barnekjole i restegarn

ei venninne kom med ein pose restegarn.
mini alpakka.
ho lurte på om litt kunne bli til ein kjole...
 kjolen vart til undervegs,
alt etter kor mykje garn som var att av kvar farge.
- vidden på skjørtet er ganske stor,
så det gjekk ganske mykje garn bare i det,
så eg måtte spe på med eit nytt nøste mørke brunt
 pinner 2,5og 3
kva resten av garnet blir til,
 får eg sjå etter kvart...

onsdag 12. juli 2017

Rallargenser til herre

Kjølige og regnfulle dagar her i sørvest,
gjer at det vert ein del inneliv og strikking,
og nok ei bestilling er ferdig....
 denne gongen valgte eg å strikka i Smart, Sandnesgarn 
eg brukte pinner 3 og 3,5
når genseren er vaska og tørka,
skal han reise avgårde til Finnmark, 
omtrent til den russiske grense....  
og varme ein herremann der dei neste vintrane..

tirsdag 4. juli 2017

Votter 2017 Taniko, Maori design

I min søken etter vottemønstre,
eller mønster eg kan bruke til votter,
har eg nå vore innom New Zealand 
(via nettet og venner)
og funne nokre ideer frå Maoriene sine mønstre.
 det står Taniko, Maori design
- eg er ikkje sikker på 
kva denne mønsterstripa er brukt til
 ei lita dekorativ stripe på eit par votter
er nå mi meining....
Garn Pt 5 sport
pinner nr 2,5

tirsdag 20. juni 2017

Kautokeino-vott med slynget kant

Fargerike votter frå den samiske tradisjon
 Garn: Pt5 sport
pinner: 2,5
 strikking med slyng går greitt når eg nå har lært det,
- eg brukte litt tid, første gong eg strikka med slyng
 snorene er fletta med 6 tråder
morro å strikke slike ting som ein ikkje så ofte har i pinnane

tirsdag 13. juni 2017

Marius til dame med rundt bærestykke

Marius med rundt bærestykke, i mini alpakka.
Denne gongen blir det nesten: 
- endelig ferdig, - med store bokstaver...
 eg har strikka mariusmønsteret mange gonger,
og det er kanskje derfor at eg gjorde feil på feil,
- i staden for å lese det som står i oppskrifta,
strikker eg i vei, 
og trur eg veit kva som står der....
- på toppen av det heile mangla eg 30-40 cm med kvit tråd 
og måtte rekke opp att siste kvite mønsterborda,
og strikke den om att,
 med ein tilnærma lik kvit tråd
kanskje det er på tide med ein lite marius pause...
- kven veit,
 plutseleg så har eg marius på pinnane igjen,
i ein eller annan form..
men først er det andre mønster som står for tur..

søndag 4. juni 2017

Votter 2017 Kiwi - inspirasjon frå New Zealand

Ut i frå eit bilete på nettet,
prøvde eg meg å lage eit mønster
med Kiwi-fuglen på.
Det såg reint og fint ut på papiret,
men det vart mange lange tråder,
og mykje tvinning av tråder.
Eg vart ikkje fornøgd med første utkast
 på første utkast hadde eg kiwien
 både utanpå og på innsida av vottane
 utkast 2:
eg teikna inn litt ekstra mønster her og der,
det var enklare å strikka,
og eg likar resultatet bedre
 eg bytta og ut kiwien, 
med eit anna mønster,
på innsida av vottane
 Garn: Pt 5 sport
pinner: 2,5
om det vert fleire kiwivotter er litt uvisst,
men morro å ha med i den store vottesamlinga mi

torsdag 18. mai 2017

Hue mønster ala rallargenser

Etter at eg hadde strikka genser og votter,
hadde eg litt meir garn til overs.
Det vart til ei hue.
Eg brukte Lothepushua som utgangspunkt.
 her brukte eg pinner nr 3,5
og kjenner på at det blir meir jevnt, 
når eg bruker pinne nr 3
Hadde nok litt lange mellomrom,
mellom mønsterbordene,
og ville nok gjort det annleis ei anna gong...
Nå er det meste av garnet oppbrukt,
resten får bli til stiper i sokker
 eller i eit anna prosjekt

- nå er det like alt skal på ei reise nordover i landet,
til vårt nordlegaste fylke....