søndag 30. juni 2013

skjerf med hullmønster

For litt sidan fekk eg bestilling på to skjerf,
i denne fargen - Petrol
ein farge eg sjølv ikkje hadde valgt.
- etter som eg strikka, lika eg fargen meir og meir,.
Etter at dei to bestillte skjerfa var ferdige,
strikka eg likeså godt eit til....
- som no har havna i "til salgs" skuffa mi.
Artig det der med syn på fargar, 
korleis det endrer seg frå nøste til ferdig produkt... :)

lørdag 11. mai 2013

barnegenser med fletter

Her har eg brukt Silja garn
pinner 2,5 og 3
mønsteret har eg funne i Gjestal strikkedesign no 127
 - flettene går i to retningar, og på sidene er det dobbel perlestrikk..
- for å halda orden på fletter og anna, er det heilt klart best å sitja åleine med dette arbeidet.
Nokre feil vart det undervegs, men resultatet vart bra

fredag 29. mars 2013

"marius" i friske farger

I Sandnes garn sitt Marius hefte fann eg oppskrifta.
- eg har brukt Perfect garn og pinner nr 3
- eigaren av sokkane har valgt ut dei friske fine fargane 

torsdag 28. mars 2013

Ribbestrikka tights/ullbukse

I Gjestal strikkedesign nr 127
fann eg oppskrifta til denne tightsen/ullbuksa.
Den første strikka eg med Silja garn
-  i nr to har eg brukt eit 2.sorteringsgarn som eg hadde liggjande
- eg har brukt pinner nr 2,5 og 3
- eit lettstrikka plagg, som er greitt å ha framfor fjernsynet,
eller når ein er mange i lag....

lørdag 9. mars 2013

barnegenser med setesdalmønster

I heftet "viking design" -setesdals mønster  
har eg funne oppskrifta til denne genseren.
- eg har brukt pinner nr 2,5 og 3 og Viking super wash garn,
og strikka i str 4 år.
Det er morro å strikke slike mønster....



tirsdag 26. februar 2013

gjenbruk av garn...

Som sikkert mange andre strikkeglade,
har eg eit halvferdig arbeid eller i to skapet...
Arbeid som ein ikkje lenger hugsar kvifor ein starta på akkurat dette prosjektet...
Her om dagen fekk eg det for meg at eg skulle finna fram eit slikt bortgøymt og "gløymt" arbeid.
Eg rekte opp nesten ein heil genser...
og fann fram eit heilt nytt mønster og tok fatt på ny.
mønster plukka eg frå hefte no 127 frå Gjestal
eg har bruka Silja garn og pinner 2,5 og 3
 - her var så mykje garn st det vart nok til genser
 - bukse og hue
- denne gongen er det ein liten gutt som skal få nytta godt av mitt arbeid, 
i skapet er det no eit lite tomrom....
kanskje eg må fylle det opp med nytt garn i nær framtid.... :)

tirsdag 22. januar 2013

barnesokker i fleirfarga garn

Denne gongen prøver eg ut ein anna type garn
- eit nøste er 150 gram og skal vera nok til to par halvstore sokkepar.
 - eg var litt usikker kor store sokker eg kunne strikka for å få to par,
så eg satsa på sokker i størrelse 34-35 
  sokk nr 1 og 3, og 2 og 4 vart omtrent like
 - det garnet eg hadde igjen, delte eg i to,
og med hjelp av litt restegarn ytterst på tåa,
hadde eg nok til til eit par småsokker
- eg har brukt pinner nr 3