onsdag 15. desember 2010

sjå kva eg vann...

eg deltok i trekninga Torunn
med bloggen Vanella.
Torunn er kreativ og flink med symaskinen
og gåvene var strikketøymapper og pinneetui.
.
- pinneetui med plass til pinner og saks
.
- strikketøymappe med plass til mønster, nøster og arbeid
og som er lett å ta med seg i veska
.
Tusen takk Torunn. Begge deler er allereie i bruk.
.

søndag 5. desember 2010

trekning..

Vi skriv 5. desember og det er advent
to lys skal tennast - vi ventar på jul
.
Ute har frost og kulde teke ein pause
og eit lett snølag ligg på åker og eng.
.
Vinteren er ennå lang
og skjerfet kan koma godt med
og varma ein kald hals, ein stad i Norge.
Min mann har gjort unna trekninga
og den heldige vinnar er:
britaiskogen
.
GRATULERA
.
Kan du senda navn og adresse
til email: ol-boe@online.no
.
God andre søndag i advent.

tirsdag 23. november 2010

utlodning/give away

eit skjerf strikka i silja strømpegarn på pinne nr 5
kan bli ditt om du legg igjen ein kommentar under her.
.

det blir trekning 2. søndag i advent - 5.desember
slik at gåva har mulighet til å nå den heldige vinnar før jul.
.
Håpar du vil delta i trekninga.
Har du ikkje eigen blogg,
kan skriva din email i kommentarboksen under her
eller senda meg ein email
Ha ein fin dag.

søndag 31. oktober 2010

sokker nok ei gong....

Eg hadde fått brukt opp det meste av mitt sokkegarn
og hadde ein plan om å ta fatt på andre ting,
men så ville det seg slik at det vart rydda i eit anna hus
og ein pose med garn havna i mine strikkepinner
.
i posen var det grått og blått garn
.
og med litt smårester frå mitt lager
fekk eg mange og fargerike sokkar.
- no tenkjer eg at søsken, nieser og nevøer kan gå ein varm vinter i møte...
.
- mange bekker små, blir tilslutt ei stor å...
å laga sokkar av smårester er morosamt
og ein må venta til siste maske er strikka
før ein veit resultatet...

mandag 4. oktober 2010

man tar hva man har.....

litt restegarn i fleire fargar
.

vert snart til fargerike sokkar....
.
Desse skal gå til M sitt prosjekt der ho samlar inn til dei svake samfunnet.
- julegåver til desse som sel gatemagasinet i Bergnsområdet.
Har du lyst å delta med sokker, votter, skjerf el. likn
ta kontakt med M.
Ha ein fin kveld.

søndag 3. oktober 2010

Tid for innekos....

Hausten er komen med regn, vind og mørke kveldar.
.

Eg har i dag ordna meg med garn og mønster
.
og mykje stearinlys.....


- no er eg klar for kveldar framfor ovnen,
med varm te i koppen
levande lys på bordet
og eit handarbeid i hendene.



tirsdag 21. september 2010

Tunika med rund sal

Denne starta eg på tidleg i vår,
men som vart lagd bort under sokkestrikkinga.
.

Tunikaen er strikka med bomullsgarn og pinner nr 3.

Den vert nok å finna under eit juletre til jul,

i eit hus der det bur ei lita jente......