lørdag 21. november 2009

Votter

Randi med bloggen in my mothers name har designa dette mønsteret
ho har lagt det ut for salg til inntekt for kreftforeninga.

Eg har brukt Pt 5 i mange sokkepar, og hadde ein del restar liggjande
har brukt dei fargane eg hadde mest av....
og pinner nr 3


Det var morosamt å strikka vottane
med eit mønster som er litt annleis enn det eg er van med.

torsdag 5. november 2009

Oppskrift vesketøfler

Jauvisst, kan eg dela oppskrifta med dykk....

eg har fått oppskrifta på dagavdelinga,
men eg veit ikkje kven som har skreve ho ned
eg har teke bilete av den kopien eg har med meg her på treningsleiren
håper den vert leseleg når de skriv ut oppskrifta.
Når ein er ferdig å strikka, så bretter ein arbeidet på midten
då ser ein kor ein skal sy dei saman....
i sidene langs vrangborda og oppe på "veskehandtaket..
Lykke til!

søndag 1. november 2009

Vesketøfler

Eit par med vesketøfler er laga på eit par timar
eit enkelt arbeid å ha med seg

ein tøffel ferdig strikka og klar til montering...
.
denne gongen brukte eg garnet: perfect
men eg vart ikkje heilt fornøgd med det
sist brukte eg fritidsgarn
lika det garnet bedre til vesketøflane.....
eit par vesketøfler ferdig montert
dei ser små ut,
men er tøyelige og passer godt på foten.

søndag 18. oktober 2009

Broderi

Innimellom får eg lyst til å brodera,
og då vert det som regel korssting


eg har ein plan om å laga julepost og kalendar til mine (vaksne) barn
og dette er nr 1 av seks arbeid som skal bli broderast
Der er nok på tide å ta fatt på prosjekt nr 2,
slik at eg forhåpentlegvis får ein kalendar og ferdig før jul.

onsdag 30. september 2009

Grytekluter oppskrift

Har fått spørsmål om oppskrifta på desse gryteklutane.
Eg fekk møsteret forklart av tanta mi, for mange år sidan.
Mange spurde etter oppskrifta og etter ei tid skreiv eg det ned.

Har prøvd å fotografera mønsteret.


Om det ikkje går an å kopiere denne sida,
kan den som er interesert, få oppskrifta tilsendt via mail.

Du kan kontakte meg på: ol-boe@online.no

fredag 25. september 2009

Russesokkar

Russesokkane har denne gongen fått hjertemotiv..
mønsteret har eg funne i "pt design nr 82"
og strikka i pt 5 sport

har kjøpt inn garn til fleire par...

det er noko med at når eg først er komen igang, så er eg ikkje så lett å stoppa...
kor mange par det vert tilslutt, får ein nå bare sjå etter kvart.
...........

fredag 18. september 2009

Vaskefiller

Vaskefille dilla har nådd min heim og...

Har brukt bomullsgarnet Fresco og strikka på pinne 3,5
la opp 47 m
strikka første omgang 1rett og ein vrang
andre omgang rett
fortsatte slik til nøstet var slutt


fekk eit tips av Nunne:
til smågaver: ei vaskefille og ei flaske Zalo
Takk for tipset!