torsdag 1. februar 2018

Votter 2018 votter med fletteugler 2/3 år

desse vottane har eg strikka utan mønster,
prøvd meg fram med maskeantal og pinnestr.
på desse første eg kun pinne 2,5
det vart litt stramt
under har eg brukt 2,5 på vrangbord og 3 på resten
det vart mykje bedre, og lettere å strikke
Garn: resten av Pt 5 sport
eg har skreve ned eit slags mønster,
- fint å ha 
om eg kjem på eg skal strikke fleire av same slaget..

onsdag 31. januar 2018

Votter 2018 - votter med bisekanter og mønsterstrikk

Desse vottane var enkle å strikke
Bisekant, det var ein ny teknikk for meg,
men ikkje vanskelig 
når eg berre les oppskrifta skikkelig...
 Garn Pt 5 sport
pinner 2,5
- i følge mønsteret skulle eg brukt pinnne 3 og 4,
men då hadde vottane blir ganske store i størrelsen..
Mønsteret var i eit bilag til Hjemmet 6/2017

torsdag 25. januar 2018

Votter 2018 Eigersundsvotten

For ikkje lenge sidan 
fekk eg høyra om ein Eigersundsvott.
Sidan eg starta mitt prosjekt,
så har eg leita etter lokale vottetradisjoner,
og når det gjeld Egersund,
så har eg ikkje fått noko napp før no.
Kanskje ikkje så merkelig at ingen kjente til votten
i den tid eg spurde meg rundt,
for dette mønsteret er nokså nylaga.
.
uppps - eg ser først nå at eg har gløymt ei bord på eine votten....
sånn kan det gå...
- eg syns den eine var litt kortare enn den andre...
 Historikk:
Egersund Husflidslag har i 2016
 jobbet med å utforme et mønster 
for en strikket vott,som vi vil kalle Eigersundsvotten.
.
Med utgangspunktet i et par gamle votter 
som stammer fra Helleland i Eigersund Kommune,
samt et par knestrømper fra begynnelsen av1900-talet, 
også disse fra Helleland, 
har vi forsøkt å bruke det gamle mønsteret i vår nye vott.
.
 resten av historien får du med mønsteret...
vottane er strikka i Ask, Norsk Ullgarn 100% norsk ull
- eg valgte å bruke pinne 2,5 og strikke største str
passer til dame/mann
Egersund Husflidslag har pakker med garn og mønster for salg,
så ta kontakt med dei om du er interessert....

lørdag 20. januar 2018

Votter 2018 Vestland

Eg strikka kofta Vestland for ei tid tilbake..
i same oppskrifta fann eg mønster til desse vottane
 eg brukte Pt 5 sport som i kofta
og pinner 2,5 - på heile votten
 eg strikka herre størrelse,
men pga pinnevalg passer dei til damehender
eg har sett att nokon lurer på  
om eg har vottearkivet på nett..
- eg har ingen oppskrifter på nett,
kun foto og det eg skriv her i bloggen.
Mitt "vottearkiv" som eg av og til skriv noko om er:
eit eksemplar av alle vottane gøymt i ein kasse,
alle oppskrifter og litt info i perm og digitalt til eige bruk.
Kassen med vottane i,
er av og til med ut på tur,
der dei blir vist fram til interesserte,
som på førehand har spurt meg om å ta dei med.
God helg!

mandag 8. januar 2018

Votter 2018 Amorin votter

For eit par år sidan
fann ei vennine ein vott på ein parkeringsplass.
Ho visste at eg samlar på votter og nye mønster,
så ho tok votten med,
 slik at eg kunne kopiere den.
 det var på ein hotellparkering i Rogaland,
og dei fleste gjestene var reist etter helga,
så ho rekna med at det vart vanskeleg å finne att eigaren...
- vel, om eigaren tilfeldig les dette,
 så er votten her ennå..
 eg tok fatt på arbeidet med å kopiere votten:
teikne ned mønster, telje og teikne på ny
ja, det var lett å gå i surr med alle detaljane..
eg la bort arbeidet, tok det opp att, og la det bort på ny
- mønsteret vart stort og uoversikteleg,
eg prøvde sågar å strikke samtidig som eg laga mønster,
for å prøve å få til ein bit om gongen..
vel, det vart lagt bort på ny...
 for ei tid sidan, såg eg like votter på nettet,
og begynnte å leita etter mønster.
Eg vart vist til sida til "Ingunns småstrikk" (facebook)
ho har laga det opprinnelege mønsteret,
og har no dette som gratismønster på sida si.
eg rekte opp att alt som var strikka frå før,
og starta på ny
 med eitt kunne ein fleirårig ufo 
verta ferdig i ein fei...
og nok eit par votter er på plass i vottekassen min...

lørdag 30. desember 2017

Votter Sauen Shaun x 2

Sauen Shaun har lenge vore ein populær figur,
og her før jul fekk eg tilsendt eit bilete av sokker med Shaun på,
om eg kunne lage slike...
- då hadde eg allerede i all hemmelighet sysla med tanken
 om strikke slike votter..
- og votter vart det i pakken under treet...
noko som var populært hos den som fekk pakken...
  eg fann eit diagram på internet,
og brukt på min måte
 Garn: baby ull og pinner 2,5
eit lite vask og det lilla paret er klar til bruk...
Det andre paret skal i den store vottesamlinga mi,
som inneheld ca 50 forskjellige vottepar.
Eg har no ein plan om å halde på til eg har 100 forskjellige par,
det er så utruleg mange fine mønster eg har lyst til å strikke.

søndag 10. desember 2017

Babyvotter i svart og rødt

Vi venter eit nytt barnebarn om ikkje så lenge,
og foreldra ynskjer seg votter til babyen,
i svart og rødt
Bestemor seier jo selfølgeleg ja til det.
 eit par slike små,
er jo fort gjort
testa ut med eit par rød først,
for å finne ut av maskeantall og størrelse
Garn: babyull
 så i same slengen vart det 3 par
 måtte bare ut i snøen og ta bilete i dag...
 innside vott
eg har plukka litt her og der
og sett saman mønster til desse vottane