mandag 12. oktober 2015

samiske barnesokker

Har gjort eit forsøk på å kopiere desse sokkane.
Fekk anbefalt å bruke eit ullgarn, Navia,
som er blanding av ull frå Færøyane, Shetland og Australia.
Eg vart ikkje heilt fornøgd med resultatet,
Eg syns garnet var litt trådt å strikke med.
maskane gleid ikkje så godt på pinnane,
og strikkinga vart ujevn.
 - på garnet var det oppgitt pinner nr 3,5,
eg valgte å gå ned til pinne 3...
Ved første forsøk vart sokkane altfor store..
 - 2. forsøk og pinner 2,5
fortsatt for store...
 3. forsøk og mindre antal masker
- nå begynner det å nærma seg...
- om eg prøver nokre gonger til, 
vert kanskje eg og garnet "venner" etter kvart..

lørdag 10. oktober 2015

Heil dress - Marius

Her som på nesten alle barneplagg med mønster,
strikker eg rygg og dei to framsykka paralellt.
Når eg strikker det slik,
tykkjer eg det er lettare å halde oversikt over mønsteret.
Når eg er komen nesten opp til der armhullet skal vera,
strikker eg armane,
slik at eg kan måla ut frå lengdemål på dressen,
og breidde på armane
kor eg eg skal dela bolen i 3.
 - dressen er klar til bruk
 - enno litt stor for barnebarnet
 - hadde nok garn til hue og..
 Garn: Sisu
Pinner: 2,5 og 3
- mønsteret fann eg i dette heftet frå Sandnes Garn

tirsdag 29. september 2015

Votter 2015 Tova votter

Med "sjyvotten" som utgangspunkt
vart det denne gongen ein del tova vottepar i dame og herre størrelser
 - før og etter toving
 Garn: Pt 3 tovegarn og rester av Pt 5 eller ullgarn i mønsterborda
Pinner nr 5 (3,5 på mønsterborda)
- ein kan vel sei sei det slik,
at no er ein del av julegåvene klar til innpakking

torsdag 3. september 2015

Herregenser "Jæren"

Her har eg valgt å bruke Perfect, Sandnesgarn,
mest fordi genseren snart skal ut på ei lang reise,
og er usikker på kva forhold dei der har til vask av heimestrikka ullplagg.
Perfect tåler litt meir slitasje enn Smart/Per Gynt, som var garnforslag.
Pinner 2,5 og 3
 - at modellen er kalla "Jæren" 
oppdaga eg ikkje før eg var komen eit stykke opp på bolen, 
Det passer jo veldig bra,
at ein frå andre sida av "dammen" som besøker Norge og Jæren,
får med seg heim att 
genseren "Jæren" strikka på Jæren av ein Jærbu 
 - mønsteret fann i dette heftet

onsdag 19. august 2015

Hue - Den nysgjerrige reven

Hue til liten og stor..
 - her har eg brukt garn av forskjellige merker: Rubin, Smart, Perfect
eg fann det som passa best, i "skapet med det rare i"
derfor er reven blitt brun og ikkje rustrød..
pinner 2,5 og 3
 - lett å strikke, 
det meste av mønsteret er strikka
kun auger og munn er brodert etterpå
- mønsteret fann i denne boka

tirsdag 4. august 2015

Votter 2015 Mønster frå Senja

I følge min kilde, skal dette vera det rette Senja mønsteret.
Dama som tipsa meg om dette,
kan hugse at mora som budde på Senja, 
strikka slike votter.
Dette mønsteret er blant anna og brukt i sokker og huer.
 - den mest observante ser nok forskjell i "bunnfargen" i stripemønsteret,
Eg har funne ut, at når eg skifter på plassen der trådane ligg på fingen,
skifter og fargen i stripemønsteret.
Noko eg aldri har tenkt på før...
Garn: PT 5 sport
Pinner 2,5
Mønsteret har eg teikna ned etter bilete,
oppskrifta er no lagra i mitt vottearkiv.

søndag 2. august 2015

Votter 2015 variant av Senja mønsteret?

Eg fekk eit hint om at det skulle finnast votter frå Senja.
Eg har leita ei stund og spurt litt rundt omkring,
Tilslutt kom eg over eit bilete av noko som vart kalla Senjavotter.
Seinare har eg blitt fortalt at mønsteret frå Senja
 er litt anneledes enn det som eg har strikka her.
Er dette ein variant av Senjamønsteret?
Eg ville eg blitt glad 
om nokon kunne fortelja meg litt om dette mønsteret.
 - mønsteret er no nedteikna og arkivert 
Garn: Pt 5 sport
pinner 2,5