torsdag 1. april 2010

vinnar lukka

Eg deltok i loddtrekninga hos Torunn med bloggen Torunns hobbyblogg
og eg som aldri pleier å vinna
var utrekt til å få ein trøstegevinst
.
og premien var eit flott mini-pinneetui
.

passeleg stort til å med i veska
.
Tusen takk Torunn, pinneetuiet vert nok mykje brukt.

onsdag 17. mars 2010

sokker med mønster

Eg veit ikkje kor dette mønsteret kjem frå,
men eg veit det er kopiert på ein strikkekafe
her i bygda.
Eg fekk ein kopi av oppskrifta på mønsterbordene,
resten av sokkane må ein ta etter eige hovud
eller bruka eit anna mønster.


eg brukte garnet Pt 5 sport frå per tryving a/s.
pinner nr 3
.

Eit slikt sokkepar vil vera ei av gåvene til min give away
i min andre blogg solsikken .
Ein kan delta med eller utan eigen blogg.

søndag 14. mars 2010

Spencer

Spencer strikka i SISU frå Sandnesgarn
i lyng, lysegrønn og rosa
pinner nr 2,5 og 3
Mønster i SISU barn 1001
.
Skjørtet er ferdig strikka
men har ein del hekling og montering igjen
.
Etter mønsteret skal det vera ei dokkevogn med dokke til
men nå er eg litt i tvil
kanskje eg skal sløyfe heile vogna?
.
Kva meiner du?

onsdag 10. februar 2010

Pute i pelsgarn

Har lenge tenkt eg skulle laga meg ei pute til,
den eine som eg laga i fjor
vart litt åleina i sofaen.

Eg har brukt garnet "funny" frå Sandnesgarn
og rundpinne nr 5.


eg har pynta puta med store knapper.
....
Eit enkelt arbeid med kun rettstrikk.

mandag 25. januar 2010

enkle huer

Etter å ha lese innlegget til M i Bloggedamer 40+
der ho har lyst å gjera noko for dei som frys
og som har litt mindre enn oss andre,
rota eg fram gamalt restegarn for å støtta dette prosjektet.
Samtidig fann eg nokre gamle mønster,
deriblant dette huemønsteret.


Eg la opp 128 masker (mann, 120 til damer)
strikka ein rett og ein vrang 28 cm (dame 26 cm),
og fellte av med to omganger to og to rette saman.
Eg brukte pinne nr. 3.
enkel oppskrift,
hua sit godt på hovudet
og går godt nedanfor øyrene.
...
Huene og nokre sokkepar er foreløpig mitt bidrag til
M sitt prosjekt.
.....
Har du lyst til å gjera ein innsats, så ta kontakt med M.

lørdag 2. januar 2010

Mariusgenser

Den gode gamle Mariusgenseren går aldri av moten,
og kjem stadig tilbake som "årets" plagg
i ein eller annan form.
Eg har strikka fleire gensarar i det siste,
ein brukt som gåve og eit par på bestilling.


Eg har brukt Falk frå Dalegarn
og pinner nr 3
Det vart litt rester av garnet
det bruka eg til sokker



i fleire størrelser og ulike mønster.
.....

Når eg først var i gang med sokkestrikkinga
rota eg litt i restekorga
og fann garn til eit par sokker
i vaksen str. og.



Når eg strikker med restegarn,
strikker eg sokkane paralellt
for å få dei like.
.....
Nå skal eg ta fatt på andre arbeid
som har blitt liggjande på vent.
.......
Godt Nytt År!

onsdag 9. desember 2009

"Look a like"

hua frå VM i Alpint 2009
I bloggen lille rosin's quilteri fann eg oppskrifta til hua.
I denne fine bloggen kan ein få mange idear.
..
Eg har strikka huer
til mor og dotter


og til tre lystige damer.....
....
Huene var enkle og greie å strikka, og arbeidet var unna på eit par dagar.
Eg bruka garnet Freestyle frå Dalegarn og pinner nr 4.
....
sjekk bloggen til lille rosin,
kan henda du finn ein ide eller to
som du kan bruka til julegaver i år.
..
Ha ein fin adventstid.