fredag 26. november 2021

"Helle" genser

Nok eit plagg strikka av garn frå garnlageret
"helle" genser i str 3-4 år
Garn: Alpaca storm, Vikinggarn
Pinner 3 og 4
Dette er eit mønster frå Vikinggarn
Eg er ganske så fornøgd med meg sjølv,
å få brukt så mange nøster,
utan å kjøpe nytt garn.
Men i dag måtte eg bare handle litt,
eg fekk ei bestilling,
ikkje hadde eg rett garn,
og heller ikkje aktuelle farger..
Restegarnet spring ikkje vekk,
så det kan eg fortsette å strikke med,
 ei anna gong

søndag 21. november 2021

Frostrose votter

Eit @TonjeinOslo design
Eg starta med dei svarte vottane,
på pinne 2,5
Dei vart litt store,
så dei kvite strikka eg på pinne 2
Garn: Finullgarn, Rauma




Fine votter og ganske enkle å strikke,
for den som liker å strikke slike mønster.

onsdag 17. november 2021

"Sandnes" genser til barn og traktorvotter

Her går det fortsatt i minking av garnlageret..
I vår kjøpte eg 40 nøster med koksgrå Alpaca storm,
til eit større prosjekt,
som ikkje kan visast fram før etter jul.
Det var nokre nøster med koksgrå tilovers,
samt mønsterfarger.
Eg valgte største størrelsen eg kunne strikke
med dei nøstene eg hadde.
Det vart genser i str 8 år
pinner 3 og 4
 fortsatt var det litt garn igjen,
og eg strikka eit par traktorvotter i tillegg
str ca 4 år
av 40 nøster har eg nå kun denne vesle resten igjen...
det må eg sei meg godt fornøgd med..

torsdag 4. november 2021

Dino genser

Eg prøver å minke garnlageret,
og la opp til den største genseren
eg kunne få til
med det garnet eg hadde
det vart str 4 år
 Genseren er strikka i Alpaca Storm, Viking garn
pinner 3 og 4
Med så lite mønster og pinne 4
så gjekk fort det framover

søndag 31. oktober 2021

Mysteriesokken Bitta Mikkelborg design

Bitta Mikkelborg har ofte samstrikk, eller liknende ting på gang,
Denne gongen er det sokker vi skal strikke.
Mønsteret er oppdelt i 5 deler,
med ca 1 vekes mellomrom.
Eg valgte å strikke i Pt 5 sport/superwash
og pinner nr 2,5.
første og andre del: legg
tredje del: hæl og litt til
fjerde del: litt av foten
femte del: resen av foten, og felling
det er ein fin måte å strikke på,
du velger farger og garn,
 utan å vite noko om mønster og fasong
eg har nok valgt litt tjukt garn,
då mine sokker passer til herre, str 45/46

lørdag 23. oktober 2021

Marius genser

Endeleg kan eg vise fram noko av det eg strikker,
her på blogggen..
Eg har nokre ferdige prosjekt,
som må vente til etter 24.12.
Eg kjøpte garn med tanke på ein annan genser,
til bestemorgutten.
Seinare fann eg og bestemorgutten
 eit anna garn med større fargeutvalg,
med farger som passa bedre
 til den genseren han ville ha.
Dette garnet vart då til overs,
og no har eg strikka ein større genser,
kun for å få brukt garnet til noko nyttig.
Valget vart Marius ein genser,
Eg vart godt fornøgd med fargesamansetninga
Garnet gjer at genseren vart litt større
 enn 12 år som eg strikka etter.
Det finns nok ein 12/13 åring som kan bruke genseren.
garn: Silja, Gjestal garn
pinner 2,5 og 3

lørdag 9. oktober 2021

Nattugla sokker


Ekstra store damesokker,
lange i legg og fot,
og lilla ugler
var bestillinga.
Eg har teke utgangspunkt
i Jorid Lindvik sine nattuglesokker,
fargane er nok ikkje heilt korrekte på bileta
rosa/lilla i Viking sportsragg
Oransje og lilla i Pt 5 superwash.
Eg har brukt pinne 3
mønsteret var lett å strikke
sokkane skal nå ut på ei lang reise,
før dei møter sin nye eigar.
rosafargen kjem bedre fram her..