fredag 1. april 2022

"Livlig" genser

Tidleg i haust fekk eg spørsmål om å strikke denne genseren.
At det skulle ta så lang tid,
hadde eg nok ikkje sett for meg.
Genseren er strikka i Kid Mohair, Vikinggarn.
Eg kjende fort at dette måtte gjerast i små doser,
det vart mykje hosting og harking undervegs.
Derfor har dette vore eit langtidsprosjekt,
som nå endeleg er ferdig.
med pinner 4 og 4,5 så auka cm ganske fort.. heldigvis.
Aldri meir Kid Mohair på mine pinner.
Ha ein strikkedag, der du er.

lørdag 26. mars 2022

Sokker

Dei er visst populære desse sokkane..
eg fekk inn ei bestilling på to par.
Eg fann fram noko Perfect, Sandnesgarn,
som eg hadde igjen, 
etter eit tidlegare sokkeprosjekt.
Det var ennå litt garn igjen,
men ikkje nok av den røde,
så eg bytta litt om på fargane,
for å få brukt litt meir av dette garnet.
Eg har ei stund tenkt eg skulle strikke Cortina sokker.
Eg blir lett reven med,
og får lyst å prøve ut fleire fargesamansetninger.
Medan eg var i gang med sokkane,
så fekk eg bestilling på eit par blå og kvite.
Akkurat desse fargane hadde eg selvfølgeleg ikkje heime..
og som vanleg vart det litt meir garn,
enn kun til det eine paret :D 
Eg har eit anna sokkemønster
eg skal strikke,
her blir det og fleire fargesamansetninger.
Først må eg gjera ferdig eit par ting som eg har utsett ei tid...

lørdag 26. februar 2022

Davidjakke

Ein prins er født
i vårt nabolag
Eg var ikkje sein om å finne fram garn og mønster
Eg strikka David jakke, Klompelompe, i str 3 mndr
Denne såg sa liten ut,
at eg valgte å strikke ein i 6 mndr i tillegg,
då gutten allerede har blitt nokre veker.
På bileta ser jakkane nokså like ut i str, men dei er ulike
Jakken blir strikka ovanfrå og ned,
det går greitt, men eg liker bedre å strikke nedanfrå og opp.
Garn: tynn merino, Sandnes garn
Pinner 2,5 og 3

mandag 21. februar 2022

Sokker

 

Eit par sokker har eg alltid på pinnane,
som regel greitt strikk å ha med ut blant folk.
Fargesamansetninger blir som regel til undervegs.
Fargerike marius sokker,
er ein god måte å få brukt opp rester på.
Litt dugnadsstrikk for kyrkjeringen i bygda.
Dei ønska seg noko i kvikklunjsfargane
Med eitt vart det spørsmål etter Liverpoolsokker igjen
Det var ikkje akkurat det eg hadde tenkt å strikka nå,
men eg tok meg tid til å få ferdig 3 par,
til ihuga livepoolfans..
Garn: Viking sportsragg
Pinner: 3
Nå kan eg ta fatt på dei tinga 
eg hadde planlagt å strikka
frametter våren.

søndag 13. februar 2022

OL Beijing 2022 strikket lue

Eg er ikkje den som står først i køen,
når det vises nye klær, f eks OL kolleksjon el likn
Det som gjorde meg nysjerrig denne gongen
var at så mange spurde etter mønster til huer og pannebånd.
Det var visst ikkje laga oppskrifter til strikka/hekla OL klær,
i forkant av mesterskapet.
Eg begynte å sjekka litt bilete og slikt,
for å sjå om eg kunne få til ei lik hue.
Den ser jo ganske enkel ut.
Før eg får sett i gang med å lage meg eit mønster,
så har Gjestal garn/house og yarn
fått laga eit mønster, strikking og hekling,
som dei har lagt ut som gratismønster på nettsida.
Eg kjøpte inn garn, Merinoull, til ei hue,
men ser fort at om eg velger bort dusken,
så har eg nok til to huer med det røde garnet.
Har mykje blått og kvitt igjen,
og finn fram litt rød babyull (som står i oppskrifta)
og strikka med dobbelt garn,
saman med blå og kvite rester.
Eg har brukt pinner 3,5 og 4,
i håp om å få hua i passelig til mitt hovud.
Nå har eg tre huer som passer til meg,
to av dei, vil nok få nye eigarar etter kvart,

fredag 21. januar 2022

Sokker i tynnere garn

Ein gong for ei tid tilbake,
kjøpte eg dette garnet.
Eg hadde ein ide og plan,
resultatet vart vel ikkje heilt slik eg hadde tenkt.
Garnet vart lagt bort,
fordi andre prosjekt frista meir.
Her om dagen
"ropte" denne posen på meg,
og eg bestemte meg for å bruke alt garnet,
før eg starter på nye prosjekt.
eg brukte rette og vrange masker,
samt striper,
for å få variasjoner undervegs.


Eg har brukt to typer garn:
Aurora, Vikinggarn
Dale Hakkespett
Pinner nr 3

i dette blå garnet var fargerapporten ganske lang,
etter å ha strikka 4 sokker,
er fortsatt alle nokså ulike.
Det er visst in å ha ulike sokker,
så det er sikkert nokon som vil bruke desse og.
Dessuten er dei jo like varme,
uansett farge :D
Smårester må jo også brukast..
no har eg kun bitte litt garn igjen,
som nok blir striper i andre sokker...
- ei anna gong
1 pose mindre på lager...

søndag 2. januar 2022

Regnbuesokker - Rosasokken

Eg var innom Hillesvåg Ullvarefabrikk,
ei gong i haust.
Eg drog derifrå med litt ullgarn,
samt strikkepakke på Rosasokken (Regnbuesokker)
Hillesvåg design
Dette var årets julestrikk...
lett og raske å strikke.
Eg tykkjer garnet vart litt hardt,
og merka dette godt når eg skulle feste trådane.
Eg vil nok velge ei anna garn neste gong.
I strikkepakken var det nok til to par sokker.
Eg strikka str 39,
og hadde litt garnrester igjen.
Det er syns er litt merkelig,
er at den eine fargen oppi pakken,
var rein ull..
eg passa på å bruke denne kun på leggen,
Fargerike og fine sokker.