fredag 13. februar 2015
lørdag 7. februar 2015
Velkommen til verden
Når du melde din ankomst,
fann eg fram dei tynnaste strikkepinnane,
for å lage små plagg til deg.
Det var litt lenge sidan eg strikka slike små ting,
den første jakka laga eg litt liten
- eg starta på ny
denne gongen stemte mønster og størrelse,
heile hentesettet og teppet var snart ferdig.
- medan du vaks deg større,
og vi venta på din ankomst
strikka eg nok ein jakke og bukse til deg, i str 3 mndr
- mønsterstripa henta eg frå babysettet i Voss mønster
- du skal bu i nord der vinteren er lang,
så ullbuske
- votter
- sokker
- treng du mange av.
.
Nå har det seg slik at du tok deg god tid,
du vaks deg stor og lang,
så stor at du sannsynlegvis går rett inn i dei største plagga.
Det er nok ikkje lenge før du treng endå større klede,
Du bur eit stykke unna, så vi må vente litt til før får møte deg.,
i mellomtida skal bestemor strikke større og meir passelege klede til deg.
.
Bestefar og bestemor ser fram til å bli kjent med deg,
du vårt første barnebarn, som kom til verden i natt.
onsdag 28. januar 2015
lørdag 24. januar 2015
Votter 2015 Veslekua
I min søken etter vottemønster,
kom eg over sida til Jorid Linvik
Ho har laga nye vottemønstre,
nokre kan du få gratis og andre er til salgs.
Eg fallt pladask for desse vottane
"Veslekua"
Eg har brukt garn og pinner som i mønsteret
Daletta frå Dalegarn og pinner 2,5
- mønsteret var enkelt å strikka etter,
- etter kort tid var dei ferdige
I same mønsteret er det og oppskrift på
Veslekua sokker
- når eg først var igang med å strikke kyr,
så var det fort gjort å lage eit sokkepar i same slengen
i mønsteret er det ein størrelse, 2-3 år
Etiketter:
barneklede,
sokker,
votter,
Votter 2015
onsdag 21. januar 2015
Votter 2015
Eg har ei tid sysla med tanken om å strikke votter,
- votter med tradisjonelle mønster og med nyare design
- votter i mange farger og i forskjellig typer garn
garn frå mitt lager, rester og nyinnkjøpt garn.
Eg vil bruke mønster av eldre og nyare dato.
.
I løpet av 2015 innimellom andre prosjekt,
har eg bestemt meg for at det skal det strikkast votter,
til store og små.
Når året er omme, skal eg ha oppteljing,
eg lurer på kor mange vottepar eg kan få ferdig i løpet av året...
Eg starta med mønsterark 11 frå Sandnes garn
- lilla og lilla merinoull frå Sandnesgarn, og pinner nr 3.
eg veit ikkje om det er det beste ganet til votter,
men eg syns fargane var fine saman...
I heftet PT design nr 82
er det fleire mønster på votter
- eg valgte meg ut 3 mønster,
(kanskje strikker eg dei andre seinare på året)
- alle er strikka i Pt 5 sport
- på pinner nr 3
- ein god start på mitt store votteprosjekt..
lørdag 3. januar 2015
Ribbestrikka Marius
Ei dame ville ha ein slik genser,
ribbestrikka bol og høg hals..
Mønsteret fann eg i heftet
Sandnes Garn
Tema 15 Klassikere
Garn: Smart, Sandnes Garn
Pinner: 3
Undervegs tykkjer eg at genseren ser litt merkeleg ut,
og at fasong og størrelse vil passa best til ei jente..
Genseren er ferdig og klar til levering,
resultatet ser nå bra ut,
men fortsatt er eg ikkje heilt sikker på størrelsen....
- Dama har fått genseren på,
ja, du kan sjølv sjå at størrelsen er som han skal...
Vrangbord på bol og armer gjer at genseren ser mindre ut enn han er...
fredag 5. desember 2014
Fleire fuglehuer....
Eg får stadig bestilling på fuglehuer,,,,
- etter ynskje har eg atter ei gong gjort endringar på huene
Denne gongen var det ynskje om dusker på toppen,
og nederst.
- det var og ynskje om nokre snillare fuglar..
Eg bruker same utgangspunkt og endrer litt på farger og ansiktsuttrykk.
- så nå får eg håpe at huene blir til glede,
for dei gutane og jentene som opner pakkane på julekvelden
Abonner på:
Kommentarer (Atom)