tirsdag 23. september 2025

Selbuvotter med snøfnugg og stjerne

Når eg besøkte Sjølingstad uldvarefabrik
kjøpte eg garn og mønsterpakke til votter.
i oppskrifta er det mønster til to votter.
Først strikka eg snøfnuggvottane,
i herrestørrelse
med 3 trådsgarn og pinne 3 
vart dei store og vide.
Eg vog restegarnet, 
og såg at det kunne vera nok til eit par til
eg valgte å bruke pinne 2,5
på stjernevottane
det vart for lite garn.
Ser du godt,
vil du nok sjå at eine votten har ulik blåfarge
øverst, og på tommel.
då eg hadde 3-4 omganger igjen på tommel
vart det slutt på den lyse fargen.
Eg var ikkje like heldig som med blåfargen,
og hadde ikkje noko som likna den lyse fargen.
for å få votten ferdig,
valgte eg å bruke litt kvitt på dei siste omgangane.
Vottane skal på votteveggen,
men uansett så vil dei varme like godt.

tirsdag 16. september 2025

Solbergvotten

Solbergvotten
mønster og garnpakke frå Solberg Spinderi.
Når eg ser på vottane så minner dei meg om eit vevd åkle,
kanskje det er det som er utgangspunktet for dette designet.
Vottane er strikka i garnet Vilja, 100 % økologisk ull.
Eit godt garn å strikke i.
Eg har brukt pinne 2,5 på heile votten.
Tommel vart litt smal
det vart nok garn til par nr 2
med å bytte litt om på fargane.
Det lyse paret skal opp på votteveggen min.
Det aukar på veggen,
eg må visst snart ha ei ny oppteljing....

tirsdag 9. september 2025

Sokker i ulike garn og størrelser

Sokker er eit enkelt og lett arbeid å ha med ut blant andre.
Eg har alltid sokkegarn heime,
og nesten alltid eit par sokker eller votter i arbeid.
Sokker er og lett å ta fram innimellom,
når ein arbeider med større prosjekt.
Denne gongen vart det sokker til baby/barn/dame