søndag 27. juli 2025

Hamarvotten, Buene i domen

Hamarvotten,
Buene i domen
Designet av Mette-Gun Nordheim.
Mønster, garnpakke fås kjøpt hos Hamar Husflidslag
Garn: 2-tråds gammelserie, Rauma garn

Votten har i seg symbol på Domkirkeruinen,
og solen som solsiden av Mjøsa i tuppen
Desse vottane fekk eg tips om,
frå handarbeidsdamer 
som var med til Shetland.
Vottane har eit enkelt mønster,
og var raske å strikke.
Det er ikkje tid for votter nå,
men det er eit lite og lett arbeid
nå i sommarvarmen.
Nok eit par til votteveggen min. 

lørdag 19. juli 2025

Shetland woolweek hat 2025. 1 mønster 4 huer

Kvart blir det arrangert Woolweek på Shetland,
i månadskiftet september- oktober.
Det blir laga eit nytt huemønster kvart år.
Eg kjøpte med meg eit mønster,
og har utav dette mønster laga 4 ulike huer.
Det er nå ein ser kor mykje samansetjing av farger har å bety.
Hue 1
I mønsteret er det fleire forslag med ulike antal farger.
Eg har ein del rester av Uradale garn frå Shetland,
og velger å strikke diagrammet med 8 farger.
Det vart eit fargerikt mønster,
men eg fekk ikkje fram mønsteret i oppskrifta
Hue 2
Eg leita i korga med Ask, Hillesvåg, garn.
Eg var litt bevisst på korleis eg brukte fargane,
og fekk fram eit mønster som likner meir på woolweek hua.
5 farger
Hue 3
Eg har nettop vore på omvisning på Sjølingstad Uldvarefabrikk,
der eg på førehand hadde planlagt å kjøpe med garn,
til ei woolweek hue, for å prøve ut det garnet og.
Med fargane i hue 2 i tankane,
valgte eg 5 farger.
Igjen viser det at fargesamastjing betyr mykje.
Kvitt og gult som såg fint ut saman med dei andre fargane,
vart her litt for markerte.
Hue 4
Eit siste forsøk,
denne gong med  rester av Finull, Rauma.
Eg valgte denne gongen å bruke 3 farger.
Her var eg heldigare med fargane,
mønsteret kjem fram slik eg håpa.
Huene vart litt store,
eg kunne nok valgt pinne 2,5 i staden for p 3.
Eg har tova dei litt.
Det er morro og lærerikt 
å prøve seg fram med farger og mønster.

fredag 11. juli 2025

Jubileumsvottar, Osterøy museum

Osterøy museum har gjennom hundre år, 
samla gjenstander og minne som fortel om menneska 
som har levd i bygdene våre,
om lokale kulturuttrykk og særpreg.
Det er forteljinger frå ei tid
der det meste vart laga heime.
I samlingane finns det fleire mønsterstrikka trøyer,
med åttebladroser eller striper,
I dag kalles desse Ostratrøyer.
Til museet sitt hundreårsjubileum,
ville vi gjerne dele mønsteret fra dei vakre strikketrøyene 
og har laga to vottemønster.
(utdrag frå mønsteret)
Vottane er strikka i Ask, Hillesvåg Ullvarefabrikk
litt uvant med "lus" kun på framsida av votten,
ekstra tråder å feste, men ikkje vanskelig å strikke
Det har ikkje blitt så mange vottepar i år,.
Det ligg mang eit par mønster, 
og garn på vent,
så eg håper å få ferdig fleire utover hausten.

fredag 27. juni 2025

Huer med garn og mønster frå Shetland

Eg måtte jo ha med litt garn frå Shetland...
Fargeutvalget i utsalga var så enormt,
 at eg såg ikkje syn på å ta ut farger sjølv.
Det vart til at eg tok med nokre ferdig pakker,
med garn og mønster.
Første hue
Stained glass tam
Design: @Hilly Knits - Hilly van der Sluis
Garn: Uradale yarns 100% ull
Huene er fargerike,
men strikkes kun med to farger om gongen
Vrangborda får ein fin effekt,
med tre uike blåfarger i lag med den rødlige fargen.
I ein strikkepakke fekk eg nok til to huer.
Andre hue
Up Helly Aa Hat
Design: @Nicole Estelle Designs
Garn: Jamieson's 100% ull
Først tenkte eg at hua var fin,
men eg trur ikkje eg kjøper garn og mønster.
Så er det ein gong slik,
at til meir ein tenkjer på dei fine fargane saman,
så bare måtte eg og ha denne med heim
Up helly Aa er ein type brannfestival, 
som arrangeres årlig på Shetland.
Festivalen innvolverer eit fakkeltog 
der deltakere er utkledd, relatert til vikingane..
Vår bussjåfør i sitt Up Helly Aa kostyme.
Fargane minner om farger ein ser i bålet.
er i utgangspunktet ei herrerhue
tredje hue
HJ's beanie
Design Hilly Knits
Uradale yarns 100 % ull
passer best til herre
Border og diagram minner om det norske.
det er nok bruken av farger,
som er mest ulik
Etter tre ulike huer,
har eg mykje restegarn.
det skal eg bruke litt etter litt
til huer, votter eller pulsvanter.

mandag 16. juni 2025

Handarbeid på Shetland

Over alt kor vi var,
såg vi ferdige handarbeid.
På museum, butikker, cafeer osv.
Det var alltid ein krok med handarbeid for salg.
kor vi kom,
vart køen stor rundt handarbeidskroken.
Sjølv ivrige strikkedamer,
handla med seg ferdige produkt.
Vi var innom Scalloway museum, 
her var det mykje om bl.a. Shetlandslarsen
Stor plass til kunst og handtverk var her og.


Kunstneren Sarah Kay
mykje fint i glasskunst
her klesvasken på snora



jakker som denne er visst "in" for tida
"alle" brukte slike jakker i ulike farger
Lundefuglen ser ein over alt,
på suvenirer av alle slag,
og i strikk


Til og med på trebåtmuseet på Unst
var det strikketing å sjå.


Tekstilmuseet i Lerwick
her er mykje fint
huset var lite, med små rom,
men plassen var godt utnytta
Strikketeknikk Lace


Lace









her er Lace teknikk brukt til gjerde
Vi var innom Shetland Jewelery
Fekk høyre litt om arbeidet der

dei lager smykker i gull, slv, emalje,
med keltiske og lokale motiver

Lerwick museum
eit innhaldsrikt museum, frå alle tidsaldrer.
igjen er det eit større område med tekstiler




Mykje flott handarbeid over alt på Shetland.
 dette er siste innlegget om handarbeid på Shetland.