tirsdag 17. januar 2023

kvardagsvotten Rand

Hverdagsvotten er ekstra slitesterk,
siden den er strikket i raggsokk garn.
(sitat oppskrift)
Eg brukte Viking sportsragg
og pinner nr 3.
Votten er lett å strikke,
og med så pass tjukt garn,
går det raskt framover.

mandag 16. januar 2023

Mitt nye rom for handarbeid, Bronnhuse (melketanktrommet)

Endeleg har eg fått min plass,
til å ha handarbeid i.
Det gamle bronnhuse/melketankrommet er ikkje lenger i bruk,
Eg har nå gjort det om,
og  vil bruke det til utstilling, litt salg og opphalds/bruksrom., 
Det første som kom på plass,
var votteveggen, med ca 150 ulike vottepar.
Desse er kun til utstilling,
og det vil kome til fleire par etter kvart.
Eg har ennå ubrukte mønster på vent.
Brukte plagg eg har strikka,
skal og få sin plass
Når eg fann fram nye plagg frå skuffer og skap,
så hadde eg meir enn eg var klar over.... :D
desse er nå lagt fram for salg.
Votter og sokker
gensere til barn
huer

dotter mi har og litt som er for salg
votter og sokker
Tanken er å bruke rommet sjølv,
eller i lag med andre - stikkekafe er eit alternativ.
Eg har og tenkt at dersom det er interesse for det,
så kan folk kome innom og sjå på vottane,
åleine eller i grupper.
Eg har og tenkt tanken om å fortelje litt om vottane,
det er historier bak mange av dei.
Dette har vore ei reise i geografi, historie, teknikker og garntyper.

mandag 9. januar 2023

Fiskegarnsvotter/Fiskegarn-museumsvott

Vottemønster er rekonstruert av 
@ Votter fra Sápmi v/ Ann Rita Karlsen Kristiansen 
etter votter som er på 
Norges arktiske universitetsmuseum, Tromsø.
Tradisjonelt sjøsamisk strikkearbeid
Garn: Vams, Raumagarn
Pinner: 3,5
vottane er enkle å strikke,
og med så tjukt garn går det forholdvis raskt unna.
 

onsdag 4. januar 2023

Villmarksgenser barn

Innimellom prøver eg å få brukt noko av garnet
eg har i skuffer og skap.
Dette er eit slikt prosjekt.
Ingen kan bruke garnet når det ligg lagra,
men det finns alltid nokon som bruke eit ferdig plagg :D :D
Her har eg brukt PT 5 sport, Rauma
pinner 3 og 3,5
Eg har ein plan om å lage fleire,
men det må vente til lista over bestillte plagg
har blitt litt mindre...
Lag deg ein fin dag,
der du er. 
 

mandag 2. januar 2023

Helleristningsvotter med båt og kveite

Garn og mønster:
Strikkepakke, Alta museum
Der havet hvisker inn
Fra de aller første til de aller siste -
båten har gjennom 5000 år 
vært et av de sentrale motivene
i bergkunsten i Alta,
Med sjøen som matfat og ferdselsvei,
var båten i daglig bruk.
Kun når uværet raste fikk båten hvile.
(frå oppskrifta)
garn: Finull, Raumagarn
Pinner: 3
Vottane vart litt store (damestørrelse)
og kunne fått bedre passform
med pinne 2,5