onsdag 25. februar 2026

Selbuvotter i restegarn

Å strikke med restegarn,
er gildt og spennande.
Ein ting er å setje saman farger,
ein annan er å sjå korleis resultatet vert.

Dei to første para fekk ny eigar,
før dei var ferdige.

Her har eg brukt rester av Peer Gynt.
og det har minka godt i korga
men kanskje kan eg mikse farger til eit par til.
Det vert vel heller til at eg kjøper nytt garn,
før eg strikker meir i denne garntypen.
Eg får ta fatt på litt anna garn først...

søndag 22. februar 2026

Bølgegenser til barn

For ei tid tilbake kjøpte eg garn og mønster til Solbergvotten,
 hos Solberg Spinderi
Denne genseren er strikka i same garnet, Vilja,
som eg fekk lyst til å teste ut litt meir.
Eg tykkjer garnet er godt å strikka med.
genseren er strikka på p 3 og 3,5
både mønster og garn er frå Solberg spinderi.
Det er gildt å prøve nye mønster og garntyper.
 

mandag 9. februar 2026

Genser nr 3 med utgangspunkt i jakke frå Shetland

Nr 3 er litt ulik nr 1 og 2
Eg har gått ut frå det mønsteret
som eg kjøpte på Shetland i juni.
"treet" er med på alle 3,
eg har bare endra på mønsteret mellom trea, mm.
Når det gjeld farger,
så har vi ikkje det utvalget som på Shetland
Eg tykkjer sjølv eg fekk fram fargeeffekten,
ved bruk av denne fargekombinasjonen
som på dei to første,
har eg brukt Sisu, Sandnesgarn

nr 1 og nr 2 er strikka i heilt andre farger.
sjølv om mønsteret likner, 
blir dei ulike å sjå til.
Det er morro å prøve seg fram,
med ulike farger/mønster,
men nå er eg klar for andre ting.

fredag 6. februar 2026

Selbuvotter

Eg har fleire gonger fått spørsmål om Selbuvotter.
Endeleg kom eg i gang med vottestrikk.
Eg fann fram ulike mønster, 
mest for å prøva ut kva mønster eg ville satse på.
Eg hadde fleire enkle nøster i ulike farger,
 litt garn nok bunnfarger,
og har i tillegg kjøpt litt bunnfarge, 
som passa til det garnet eg allerede hadde.
dei rød vart litt store, så desse har eg tova litt
ulike mønster og litt forskjellige stjerner
for ei tid tilbake, fekk eg tilsendt eit par slike votter.
Dama som sende dei, hadde ikkje mønster. 
Eg har prøvd å laga meg eit mønster,
og blitt glad i denne måten å strikke stjerna på
No har eg smårester i nesten alle fargane,
så ein dag må det bli nokre fargerike utgaver,
før eg kjøper inn meir garn.