torsdag 31. juli 2025

Lange pulsvanter

Pulsvanter med god lengde oppover armen,
og fingrer
vart til for min eigen del.
Til bruk når eg er ute på tur,
og har kameraet med.
Laga først eit par utan fingrer,
men kjenner at det blir lunare med fingrer.
Då eg reiste til Shetland,
hadde eg eit par på pinnane,
og tok dette med som arbeid undervegs.
Det var kaldt på Shetland,
pulsvantane var brukt mykje på turen.
Tommel og fingrer på dette paret 
vart godt tova på turen, 
bare ved at eg brukte dei.
Etterpå har det blitt nokre par til,
eit har allerede fått ny eigar,
og skal snart ut på tur, 
litt nordover på Vestlandet.
Striper og farger blir til undervegs,
på denne måten får eg brukt alle smårester og.
Dei er enkle å strikke, og eg liker å strikke med villsaugarn.
Varmer godt gjer dei og.

søndag 27. juli 2025

Hamarvotten, Buene i domen

Hamarvotten,
Buene i domen
Designet av Mette-Gun Nordheim.
Mønster, garnpakke fås kjøpt hos Hamar Husflidslag
Garn: 2-tråds gammelserie, Rauma garn

Votten har i seg symbol på Domkirkeruinen,
og solen som solsiden av Mjøsa i tuppen
Desse vottane fekk eg tips om,
frå handarbeidsdamer 
som var med til Shetland.
Vottane har eit enkelt mønster,
og var raske å strikke.
Det er ikkje tid for votter nå,
men det er eit lite og lett arbeid
nå i sommarvarmen.
Nok eit par til votteveggen min. 

lørdag 19. juli 2025

Shetland woolweek hat 2025. 1 mønster 4 huer

Kvart blir det arrangert Woolweek på Shetland,
i månadskiftet september- oktober.
Det blir laga eit nytt huemønster kvart år.
Eg kjøpte med meg eit mønster,
og har utav dette mønster laga 4 ulike huer.
Det er nå ein ser kor mykje samansetjing av farger har å bety.
Hue 1
I mønsteret er det fleire forslag med ulike antal farger.
Eg har ein del rester av Uradale garn frå Shetland,
og velger å strikke diagrammet med 8 farger.
Det vart eit fargerikt mønster,
men eg fekk ikkje fram mønsteret i oppskrifta
Hue 2
Eg leita i korga med Ask, Hillesvåg, garn.
Eg var litt bevisst på korleis eg brukte fargane,
og fekk fram eit mønster som likner meir på woolweek hua.
5 farger
Hue 3
Eg har nettop vore på omvisning på Sjølingstad Uldvarefabrikk,
der eg på førehand hadde planlagt å kjøpe med garn,
til ei woolweek hue, for å prøve ut det garnet og.
Med fargane i hue 2 i tankane,
valgte eg 5 farger.
Igjen viser det at fargesamastjing betyr mykje.
Kvitt og gult som såg fint ut saman med dei andre fargane,
vart her litt for markerte.
Hue 4
Eit siste forsøk,
denne gong med  rester av Finull, Rauma.
Eg valgte denne gongen å bruke 3 farger.
Her var eg heldigare med fargane,
mønsteret kjem fram slik eg håpa.
Huene vart litt store,
eg kunne nok valgt pinne 2,5 i staden for p 3.
Eg har tova dei litt.
Det er morro og lærerikt 
å prøve seg fram med farger og mønster.

fredag 11. juli 2025

Jubileumsvottar, Osterøy museum

Osterøy museum har gjennom hundre år, 
samla gjenstander og minne som fortel om menneska 
som har levd i bygdene våre,
om lokale kulturuttrykk og særpreg.
Det er forteljinger frå ei tid
der det meste vart laga heime.
I samlingane finns det fleire mønsterstrikka trøyer,
med åttebladroser eller striper,
I dag kalles desse Ostratrøyer.
Til museet sitt hundreårsjubileum,
ville vi gjerne dele mønsteret fra dei vakre strikketrøyene 
og har laga to vottemønster.
(utdrag frå mønsteret)
Vottane er strikka i Ask, Hillesvåg Ullvarefabrikk
litt uvant med "lus" kun på framsida av votten,
ekstra tråder å feste, men ikkje vanskelig å strikke
Det har ikkje blitt så mange vottepar i år,.
Det ligg mang eit par mønster, 
og garn på vent,
så eg håper å få ferdig fleire utover hausten.