tirsdag 22. april 2025

Kopi av gamal utslitt hyttegenser

Eg fekk spørsmål om eg kunne strikke ein kopi 
av ein gamal og utsliten genser.
Mønsteret er ganske enkelt å kopiere,
så eg måtte i grunnen bare finne eit ok maskeantall :D 
båthals har eg ikkje laga før, 
men eg såg litt på den gamle genseren,
og fant snart utav det.
Sidan garntjukkelse osv ikkje er heilt likt,
så har eg laga eit endringer,
for å tilpasse mønsteret...
Genseren er strikka i Viking sportsragg,
pinne 3 og 4
 Nå får eg håpe at mottager får ein genser,
som fell i smak.

lørdag 12. april 2025

Pulsvanter ala Selbuvotter, Sandnesgarn

Ei dame som bruker rullestol,
spurde etter pulsvanter, 
som kunne brukast når ho er ute i Rullestolen
Eit par Selbuvotter, Sandnesgarn
vart utgangspunktet for desse pulsvantene.
eg prøvde meg litt fram,
med fingrer og størrelse

første par ferdig,
kanskje litt vide i tomler
det vart fleire par,
og tilslutt hadde eg ein god mal
til seinare bruk.
Eg vart og inspirert til å bruke opp rester av Peer Gynt og Smart
eit greitt arbeid, der ein ikkje treng å konsentrere seg så mykje,
 i ei travel tid,
Det minker på restane,
morro å sjå kva ein kan få ut av nokre smårester
Eit par skal eg ha sjølv,
har lenge tenkt at eg kunne hatt slike,
når eg er ut på fototurer.