torsdag 27. februar 2025

Marius i to farger x 2

To barnegensere i str 1 og 2 år
Marius er eit mønster som alltid er populært..
Denne gongen valgte eg å kun bruke to farger,
mest fordi eg hadde lyst å prøve det.
Garn: Sisu, Sandnesgarn
Pinner: 2 og 2,5
Genserane har allerede ein mottager,
og skal snart reise til ny heim.

torsdag 6. februar 2025

Genser ala Sundstrøye

ferdig med genser nr 4 og 5 
str L i Perfect garn og str XL i Sisu
mønsteret har eg teikna av, etter ei gamal Sundstrøye som finns i slekta.
Eg har prøvd å finne mønster til trøya, men dei lokale veit ikkje om noko oppskrift.
Eg tykkjer det morro å strikke mønster, som ikkje er så ofte brukt.
                            Eg har nå kome eit stykke på vei, til ei oppskrift som er råd å forstå.

              Eg ser ikkje vekk frå at det kan bli fleire, men akkurat nå har eg lyst å strikke andre ting.