søndag 21. desember 2025

2 par votter frå heftet "votter fra Sør-Varanger"

Bestilling frå ei av mine i nord
votter tilpassa fargane i samekofta.
Mønster og valgt av mottaker.
Dette mønsteret frå Sør-Varanger,
og er mykje brukt mykje gjennom lang tid,
 i Varangerområdet
Paret vart stort nok til herre,
dette har eg tova, så no passer det til dame.
Stjernemønster er vanlig nå,
bare med litt forandringer.
Garn: Peer Gynt
Pinner: 2,5

 

lørdag 20. desember 2025

Marius til 0-3 mndr

For ei tid tilbake,
kom det forespørsel om å strikke Marius,
til nyfødt/0-3 mndr.
Fleire plagg stod på lista,
 og eg har gjort det nådde på denne tida.
Ein liten prins skal bli født tidleg på nyåret,
kleda måtte vera avgårde med posten før jul.
PS pakken er snart i mottakers postkasse.
Plagga er ikkje store,
men det tek litt tid likevel.
Eg har brukt babyull, pinner 2 og 2,5.
Sokker og votter skulle og vera "marius",
det har eg ikkje sett oppskrift på.
Eg valgte ut småborder som passa til størrelse på sokker/votter.
Nå håper eg mottaker blir fornøgd,
og at vesleprinsen ikkje veks utav kleda "første veka"...
 

torsdag 20. november 2025

Kaila genser

Då eg var på Shetland hadde "alle" slike jakker,
treet går igjen,
men elles så er det mange ulike varianter.
Dei fleste av oss,
fotograferte mang ei jakke,
på museum, i bruk eller i butikker...

Eg kom over eit mønster på ei slik jakke,
Kaila
Størrelsane er små i denne oppskrifta,
samt at eg vil ha genser.
Eg har tilpassa genser i rett størrelse.
Fargeutvalget på Shetland er stort og mangfoldig,
det gjer at det ikkje alltid er like lett 
å få til same effekten med fargane vi har her.
Eg har valgt å bruke Sisu, Sandnesgarn.
På den første genseren,
brukte eg diagrammet i oppskrifta.
Genser nr to er tilpassa mottaker,
som ville ha svart botn, grønt i diagrammet.
Her har eg laga ein variant mellom trea.
Den siste er og meir open i halsen
Det er morro å lage sine eigne vrier,
og nå er eg i gang med genser nr 3
denne gongen med heilt andre farger.
Det er nesten slik at eg "må" få ferdig bol og armer i ein fart,
for eg er litt nysjerrig på korleis denne fargesamansetninga blir.
Eg har og planer om å gjere nokre endringer i diagrammet....
 

lørdag 15. november 2025

Marius til småbarn

Dette starta eg på tidleg i vår,
då det vart kjent at ein ny verdensborger var på vei.
Eit arbeid å ta til innimellom,
for det var langt fram til den store dagen.
Barnet er nå allerede nokre månader,
 og det er på tide å levert det heile
Eg har strikka til bruk neste vinter.
Sokker og votter er i ulike størrelser,
dei vart til utan mønster.
Fargen er litt mørkare enn på biletet.
Strikka i Sisu, Sandnesgarn.

lørdag 18. oktober 2025

Hadelandsvotter

Den første ein kjenner til, som strikka Hadelandsvotter, 
(denne betegnelsen er fra 1945)
var Pernille Rosendal f. Egge 1823, Brandbu
Marte Egge, f Egge 1941,
har i mange år samlet inn opplysninger om Hadelandsvotter.
Hun strikket votter etter gamle modeller.
Marte Egge sitt ønske er at Hadelandsvotter skal føres videre.
I 1997 tilbyr hun eierretten til Hadeland Husflidslag.
Det er der eg fekk kjøpt strikkepakke til desse vottane.
Det finns tre ulike modeller, her har eg strikka modell Rosendal.
Eg fekk kjennskap til vottane,
gjennom ei kreativ handarbeidsdame,
der mora strikker desse vottane heile tida.
Morro å prøve andre og litt meir ukjente modeller og.
Desse vottane er strikka i Rauma 2-tråds garn.

tirsdag 23. september 2025

Selbuvotter med snøfnugg og stjerne

Når eg besøkte Sjølingstad uldvarefabrik
kjøpte eg garn og mønsterpakke til votter.
i oppskrifta er det mønster til to votter.
Først strikka eg snøfnuggvottane,
i herrestørrelse
med 3 trådsgarn og pinne 3 
vart dei store og vide.
Eg vog restegarnet, 
og såg at det kunne vera nok til eit par til
eg valgte å bruke pinne 2,5
på stjernevottane
det vart for lite garn.
Ser du godt,
vil du nok sjå at eine votten har ulik blåfarge
øverst, og på tommel.
då eg hadde 3-4 omganger igjen på tommel
vart det slutt på den lyse fargen.
Eg var ikkje like heldig som med blåfargen,
og hadde ikkje noko som likna den lyse fargen.
for å få votten ferdig,
valgte eg å bruke litt kvitt på dei siste omgangane.
Vottane skal på votteveggen,
men uansett så vil dei varme like godt.

tirsdag 16. september 2025

Solbergvotten

Solbergvotten
mønster og garnpakke frå Solberg Spinderi.
Når eg ser på vottane så minner dei meg om eit vevd åkle,
kanskje det er det som er utgangspunktet for dette designet.
Vottane er strikka i garnet Vilja, 100 % økologisk ull.
Eit godt garn å strikke i.
Eg har brukt pinne 2,5 på heile votten.
Tommel vart litt smal
det vart nok garn til par nr 2
med å bytte litt om på fargane.
Det lyse paret skal opp på votteveggen min.
Det aukar på veggen,
eg må visst snart ha ei ny oppteljing....