onsdag 22. november 2017

Barnehagevotter - Spidermann x 2

Som så mange andre i 3-4 års alderen,
så har veslegutt og fått ein ny helt...
Spiderman MÅ vera med over alt...
Bestemor fann ein dag fram ruteblokka,
teikna nokre kryss her og der,
tilslutt vart det spidermann,
- i allefall i bestemor sine auger..
 bestemor brukte barnehagevotter som utgangspunkt
 bestemor har laga to par
med ein liten variasjon
 bestemor vart nok mest fornøgd med desse,
der blåfargen er brukt heilt opp til mønsteret. 
 Garn fann bestemor i Pt 5 restekorga...
det blir nok jubel 
den dagen veslegutt opner denne pakken
- i kalender eller julekvelden,
ja, det er uvisst enno.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar