torsdag 29. desember 2016

Votter 2016 barnevotter (og sokker) store maskiner

Store maskiner, det er det mest spennande som finnst..
i allefall meiner barnebarnet det..
Då det før jul vart spørsmål om votter med gravemaskin på,
var ikkje bestemor sein til å finne fram garn og pinner
 - bestemor har jo og nokre idear på lur..
og laga samtidig dei sokkane ho hadde tenkt på ei tid..
 Garn: Silja
Pinner: 2,5
 fann diagram på internet,
og laga eit eige mønster
- et lite vask 
og så er votter og sokker klar til bruk.
Laga to sett, så eg har eit slags mønster,
 i tillegg til det som vart teikna og skreve undervegs...

onsdag 14. desember 2016

sokker til damer og herrer

Innimellom all mønsterstrikk,
er det heilt greit med noko som "går av seg sjølv" 
eller "utestrikk" som eg og kaller det..
 - har denne gongen prøvd ut noko for meg nytt garn
1. Raggsoft og pinner nr 3,5
mjukt garn of raskt å strikke
 2. Norgesraggen, som er ein tanke tjukkare
 - blanda desse to typane i eit par restesokker
- dermed har julegave - og bestillingslista er blitt litt kortare...
 - nytt par er allerede på pinnane...

lørdag 3. desember 2016

4 på rad - Mariusjakker til barn

I slutten av oktober tikka inn ei bestilling
 på mariusjakker til barn,
4 stk i alt, med sokker til...
- ingen problem tenkte eg....
men eg lurer litt på kor "i verda" eg var, 
når eg lova dei ferdige i god til før siste frist for juleposten..
Eg har strikka i nitti,
for ikkje å snakke om hundreogti...
 Sidan det var ynskje om sokker og,
valgte eg å bruke Silja garn og pinner 2,5 og 3
 alt vart ferdig i tide... 
(og skuldrane kan senka seg..)
str 2,3,4, og 6 år
- i god tid før siste frist er dei sendt til første stopp på vegen,
- der skal dei pakkast om,
og sendast vidare nord og sør i vårt langstrakte land..,