tirsdag 20. september 2016

Restegarnstrikk

Veslegutt trong ei ny ullbukse,
monster eller traktor bukse ville han ha
( i følge mora)
 - bestemor laga monstertraktor.....
- når eg først var i gang,
vart det ei monsterbukse til 
i litt mindre størrelse
 - har brukt ei blanding av 
Rubin og Superwash
 - ein port kan brukast til så mangt..
 - veslegutt trong også nye sokker 
her har eg brukt opp ein del rester av Silja
 - når ein først er i gang,
er det fort gjort å strikke fleire par
 - i ulike størrelser
vart sokkane til 
alt etter kva garnrest eg meinte passa best der og då..
- litt restegarn er brukt opp,
men det viste ikkje mykje igjen
i det store restegarnskapet....

onsdag 14. september 2016

Hentesett og litt til

Eg vart spurt om å lage eit hentesett.
Med i garnposen var det og litt rosa garn,
for det er ei lita jente som skal sjå dagens lys om kort tid.
Valgte å strikka settet i kvitt,
men pynta med rosa knapper
 - litt av det rosa garnet vart til ei ekstra hue
 - mønster til hentesett og hue fann eg i dette heftet
 - ein ekstra jakke
strikka i str 3 mnd, 
men som vart mindre enn jakka i settet....
kanskje det ei gong kan bli ein dokkejakke...
 - jakkemønsteret fann eg her..
 - votter og sokker i kvitt og rosa vart det og
 - tilsaman vart det jammen nokre plagg til jentebabyen
- morro å strikke slike småting i blant...