onsdag 22. juni 2016

Sokker, sokker, sokker

Eg kom over 4 nøster av dette garnet,
i eit restesalg....
garnet er tynnt, og det 100 gram kvart nøste,
 - Eg strikka sokk etter sokk,
Første paret passer til litt større barn,
desse sokkane vart heilt like kvarandre.
Eg fortsatte med 4 par sokker i ca str 43
sokk nr 1 og 2 vart ulike,
sokk nr 1 og 3 vart omtrent heilt like
slik fortsatte det, nr 2 og 4 passa saman osv 
Sjølv om eg begynte på nytt nøste vart det slik...
Et par i ca str 23 vart og like...
eigentleg litt morsomt når eg oppdaga det..
 - med slik tråd kan ein ikkje strikke frå begge ender,
som eg pleier når det minker på garnet,
stripene vil då gå motsatt veg..
Når det begynte å minka på siste nøstet,
var eg i smårestekorga og fann litt ekstra garn.
Først brukte eg kvitt i hælane på eit par,
fortsatt var det mykje garn att..
Vel, då strikka eit par der eg brukte dette garnet i brotet,
og foten med eit anna garn.
Fortsatt er det litt garn igjen....
men nå var eg meir lysten på å gjer noko anna,
så den vesle resten havna i smårestekorga.
(sjølv om eg hadde bestemt at eg skulle bruke opp alt...)
 - når eg rota i smårestekorga,
fann eg eit halvferdig sokkepar
- plutseleg vart det eit ferdig sokkepar i ca str 21
- ganske godt fornøgd med dette resultatet
 - prisen på alle 9 sokkepara
er litt under 100 lappen...
då er og restegarnet medrekna...

fredag 17. juni 2016

Tova nissegodteskåler

Sjølv om det er lenge til jul,
er det greitt å få ting ferdige i god tid....
Godteskålene har ei glasskål inni,
perfekt størrelse til julegodter...
 - Garn: pt 3, fritidsgarn og naturgarn (hår)
hadde noko blått garn liggjande, 
bare for morro skyld vart det eit par blånisser også
 - strikka på pinne 7
Mønsteret er heimelaga - men ikkje av meg....
 - dei var lette å strikke,
og når eg først var igang, 
så vart det jammen ein liten storfamilie.
Arbeidet etter toving,
sy på øyer og hår tok nesten like lang tid som strikkinga
Nå kan jul og julegodteriet bare kome,
eg er klar....