tirsdag 24. mai 2016

Barnejakke med flettemønster og sjalskrave

Tøff jakke, eit design  fra Sandnesgarn
- fletter i fleire mønster,
men likevel ganske lett å strikke
 - bak på ryggen er det kun rette og vrange masker
armane er vrangstrikka
 Garn: Merinoull, Sandnesgarn
Pinner: 3,5 og 4,5
- måtte bare ha jakken med ut i solskinet og....

mandag 16. mai 2016

Eit oppdrag litt utamom det vanlege

Ei dame lurte på om eg kunne kopiere 
ein gamal, velbrukt genser,
 som var blitt tova gjennom mange års bruk
 - sidan dama bur langt borte,
vart det nokre meldingar fram og tilbake,
med mål og anna informasjon.
Den gamle genseren var god å ha når eg starta arbeidet.
- når all informasjon var på plass,
var det enkelt å kopiere stripene.
Figurane vart utrekna og nedteikna.
Etter damas ynskje er vrangmønsteret på bolen endra, 
slik att rettsida er nå på utsida.
Garn: Smart, Sandnesgarn
 - ute i blesten måtte det mange foto til,
før genseren hang "i rett posisjon"
 - "prøvedokka" er litt mindre i str.
men det var likevel greitt å sjå,
 at genseren sat godt på kroppen
 - i tillegg til informasjon om genseren,
brukte eg oppskrifter under, 
som grunnmønster
- nå får eg håpe at dama vert fornøgd
med form og farger

søndag 15. mai 2016

Votter 2016 Christmas Magic

Eg har denne gongen valgt eit mønster frå Drops Design
Christmas Magic
Når eg ser på vottane,
tenkjer eg meir på nyutsprungne blad,
og nye skot på grantrea,
enn jul og juletre.
Kanskje fargevalget speler inn her...
 Garn: Smart, Sandnesgarn
Pinner: 3 og 3,5
- eg har ikkje laga denne typen tommel tidlegare,
det var ikkje meir arbeid enn med vanlig tommel
 - fargane passa godt saman med den gamle kyrkjegardsporten
 - vottane passar nok best til ei jentehand,
dei vart i minste laget til ei godt vaksen damehand... 
- mønsteret fann eg på Drops deisgn sine internettsider
- lettstrikka og eg brukte ikkje så lang tid pr vott..

tirsdag 10. mai 2016

Frem fra glemselen....

Dette mønsteret kom eg over i "gammelmønsterarkivet"
- eit mønster eg sist brukte rundt 1983/84.
Garn: Viking babyull
pinner 2,5 og 3
 - i følge mønsteret skulle det vera nok med 50 g av mønsterfarge 3,
men det viser seg å ikkje stemme,
derfor har eg bytta om fargane på hua
 - når eg ser på hua mot genseren,
er eg litt usikker på kva eg liker best,
men syns nok at mønsteret kom meir fram på hua.
 - eit velbrukt mønster fra jakobsdals-garn
-eg trur det finns mange fine gamle mønster,
som ligg "på lager" i mange kjellere  eller loft
rundt om i norske heimar..

mandag 2. mai 2016

Votter 2016 mønster frå Tjöck, Sverige

Desse vottane har lånt form og mønsterborder
frå eit par gamle votter frå Tjöck, i Södra Österbotten, Sverige.
Dei gamle vottane, som frå tida før 1. verdenskrig,
finns på Åbo landskapsmuseum.
 Dei gamle vottane er strikka i syntetisk lysande, 
ja, riktig grelle farger, med kvit bunnfarge.
 - svart bunnfarge er og nokså vanlig
til denne typen votter.
 - eg fekk mønsteret tilsendt frå Sverige,
Tusen takk til ASO, 
som er så snill å sende meg gamle vottemønster frå Sverige
- eg ser i ettertid at eg har valgt litt duse farger på kvit bunn,
- dei same fargane vart litt meir fremtredene mot svart bunn.
Garn: babyull
Pinner: 2