onsdag 22. juni 2016

Sokker, sokker, sokker

Eg kom over 4 nøster av dette garnet,
i eit restesalg....
garnet er tynnt, og det 100 gram kvart nøste,
 - Eg strikka sokk etter sokk,
Første paret passer til litt større barn,
desse sokkane vart heilt like kvarandre.
Eg fortsatte med 4 par sokker i ca str 43
sokk nr 1 og 2 vart ulike,
sokk nr 1 og 3 vart omtrent heilt like
slik fortsatte det, nr 2 og 4 passa saman osv 
Sjølv om eg begynte på nytt nøste vart det slik...
Et par i ca str 23 vart og like...
eigentleg litt morsomt når eg oppdaga det..
 - med slik tråd kan ein ikkje strikke frå begge ender,
som eg pleier når det minker på garnet,
stripene vil då gå motsatt veg..
Når det begynte å minka på siste nøstet,
var eg i smårestekorga og fann litt ekstra garn.
Først brukte eg kvitt i hælane på eit par,
fortsatt var det mykje garn att..
Vel, då strikka eit par der eg brukte dette garnet i brotet,
og foten med eit anna garn.
Fortsatt er det litt garn igjen....
men nå var eg meir lysten på å gjer noko anna,
så den vesle resten havna i smårestekorga.
(sjølv om eg hadde bestemt at eg skulle bruke opp alt...)
 - når eg rota i smårestekorga,
fann eg eit halvferdig sokkepar
- plutseleg vart det eit ferdig sokkepar i ca str 21
- ganske godt fornøgd med dette resultatet
 - prisen på alle 9 sokkepara
er litt under 100 lappen...
då er og restegarnet medrekna...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar