mandag 16. mai 2016

Eit oppdrag litt utamom det vanlege

Ei dame lurte på om eg kunne kopiere 
ein gamal, velbrukt genser,
 som var blitt tova gjennom mange års bruk
 - sidan dama bur langt borte,
vart det nokre meldingar fram og tilbake,
med mål og anna informasjon.
Den gamle genseren var god å ha når eg starta arbeidet.
- når all informasjon var på plass,
var det enkelt å kopiere stripene.
Figurane vart utrekna og nedteikna.
Etter damas ynskje er vrangmønsteret på bolen endra, 
slik att rettsida er nå på utsida.
Garn: Smart, Sandnesgarn
 - ute i blesten måtte det mange foto til,
før genseren hang "i rett posisjon"
 - "prøvedokka" er litt mindre i str.
men det var likevel greitt å sjå,
 at genseren sat godt på kroppen
 - i tillegg til informasjon om genseren,
brukte eg oppskrifter under, 
som grunnmønster
- nå får eg håpe at dama vert fornøgd
med form og farger

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar