søndag 17. januar 2016

litt til baby

Når eg er ute og reiser,
tykkjer eg det er greitt å ha med eit enkelt handarbeid.
- før eg drog var eg ei tur i "skapet med det rare i"
Der fann eg 5 nøster lys lilla og 3 grå med baby ull.
med på turen var og rundpinne samt 5 pinner i str 2,5.
 - eg har forminska eit mønster i siljagarn,
desse buksene er i str 3-6mndr
Det vart to lys lilla bukser og ei grå
 - det var ein del grått garn igjen,
det vart til sokker og votter i liten baby str
 - rester av grått og lys lilla vart til eit nr større votter og sokker
-det viser ikkje så godt her,
men fargenyansane var så like,
 at det var vanskeleg å strikke mønster.
Prøvde meg med stiper og lus på sokkane, 
men ga opp fordi eg såg ikkje om lusa kom på rett plass.
- etter dette er det bare lite grann restegarn igjen,
av begge fargane,
men det vert nok ein gong 
striper i eit anna babyull prosjekt.

1 kommentar:

  1. Så lurt! Så mye fint du fikk ut av nøstene dine! Jeg ordner meg også et enkelt håndarbeid når jeg skal avgårde. Da er det bevist: Vi trenger å ha lagergarn tilgjengelig!

    God mandagskveld fra Ingunn

    SvarSlett