fredag 16. oktober 2015

Votter 2015 samiske babyvotter

Eg har fått låne eit par små babyvotter,
 som er strikka etter samisk tradisjon
 - har ikkje prøvd meg på denne teknikken tidlegare..
- alt fram til tommel er ting eg har gjort før..
 - men så kjem det eg ikkje kan..
 - litt etter litt blir det mønster på min vott og..
- eg har tjukkare pinner og garn,
så det var nok med ei rute på min vott
 - min vott er litt større enn malen,
det var og planen
 - Garn: Navia, 
ei ull landing frå Færøyane, Shetland og Australia
pinner 2,5
 - det vart to par når eg først var i gang..
- kjenner at eg treng litt øving, 
for å få eit godt resultat 
både på utsida og innsida av vottane

2 kommentarer:

  1. Skikkelig fine babyvotter! Synes du har fått god dreis på den strikkinga.
    Samiske votter står på strikkelista her også, etterhvert.....

    God helg fra Ingunn

    SvarSlett