onsdag 8. april 2015

Votter 2015 Kautokeinovott med slynget kant

Det som eg trudde skulle bli utfordringa på desse vottane, 
gjekk i grunnen ganske greitt
Vrangborda er bytta ut med nokre omganger med masker med slyng.
Eg har fleire gonger hatt det framme og studert framgangsmåten til slyngmaskane
Når eg nå starta, gjekk det nesten av seg sjølv
 - utfordringane vart større i forhold til resten av mønsteret.
Antal masker samsvara ikkje i forhold til diagrammet,
Når eg hadde strikka votten ferdig etter diagrammet,
var han altfor for lang, sjølv til ei stor herrehand.
då oppdaga eg fotoet i boka (Samisk husflid i Finnmark),
og diagram heller ikkje passa saman
 - etter litt hodebry vart vottane slik
Garn: Pt 5 sport
pinner: 2,5
- mot slutten handla det berre om å få dei ferdige,
slik at dei ikkje vart liggjane som ein ufo i ei skuffe.
- ein ting er sikkert,
dette mønsteret vil eg ikkje bruke fleire gonger...

1 kommentar:

  1. Men vottene ble jo riktig fine, særlig den slyngmaskekanten! Irriterende når "kartet ikke passer til terrenget". Skjønner egentlig ikke at det går an å selge slike mønster.

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett