tirsdag 26. februar 2013

gjenbruk av garn...

Som sikkert mange andre strikkeglade,
har eg eit halvferdig arbeid eller i to skapet...
Arbeid som ein ikkje lenger hugsar kvifor ein starta på akkurat dette prosjektet...
Her om dagen fekk eg det for meg at eg skulle finna fram eit slikt bortgøymt og "gløymt" arbeid.
Eg rekte opp nesten ein heil genser...
og fann fram eit heilt nytt mønster og tok fatt på ny.
mønster plukka eg frå hefte no 127 frå Gjestal
eg har bruka Silja garn og pinner 2,5 og 3
 - her var så mykje garn st det vart nok til genser
 - bukse og hue
- denne gongen er det ein liten gutt som skal få nytta godt av mitt arbeid, 
i skapet er det no eit lite tomrom....
kanskje eg må fylle det opp med nytt garn i nær framtid.... :)

2 kommentarer:

  1. God ide:) Viktig å fylle opp plassen i skapet fort, ein kan jo gå tom for garn:)

    SvarSlett
    Svar
    1. .... ja, det ville jo vore litt dumt om ein skulle bli arbeidslaus fordi ein gjekk tom for garn... :))

      Slett