onsdag 26. desember 2012

Votter med mønster

I det siste har det vore lite utevær,
med snøstorm, kuling og regn ute, har det frista meir til å bli verande inne.
Då har strikkepinnnane vore i stor aktivitet....
På bestilling har eg spøta nokre votter.
Eg har brukt Pt 5 sport og pinner nr 3,
og mønsteret har eg funne i Pt design nr 82
  -det vart eit par til dame,
- og eit litt mindre i str 10 - 12 år
- det er i grunnen kjekt å strikka slike mønster....

onsdag 19. desember 2012

Nissemor har fått selskap av nissefar....

- som på nissemor har eg og her brukt fritidsgarn og pinner nr 6
 - kroppen til nissefar er klar til toving
 - far min er flink med dreiing og anna trearbeid,
han har laga passeleg "innmat" til nissane
-  nissefar og nissemor ferdig monterte....
- Dei ynskjer alle ei riktig GOD JUL!

onsdag 12. desember 2012

strikka og tova nissemor

Eg har brukt mønsterark nr 65, Sandnes Garn
Med fritidsgarn og pinner nr 6
vaks arbeidet ganske rask.
Nissemor sin kropp, klar til montering og toving
 - nase og armer/hender
 - nissemor er ferdig tova og montert - ferdig høyde er ca 80 cm
- snart får nissemor selskap av nissefar

søndag 2. desember 2012

ullbukse og sokker til baby

Ullbukser er gode plagg til å ha under kjeledress og regnklede.
Her har eg strikka med 2 rette og 2 vrange heile tida,
dermed vert det god strekk buksa, og ho "vokser" med barna.
Møsnteret eg har brukt er ein design av Kari Haugen,
 eg har brukt Baby Ull, Dalegarn og pinner nr 2,5.
- eg har strikka sokkar i to størrelser,
 slik at barnet har noko å "veksa i"