søndag 31. oktober 2010

sokker nok ei gong....

Eg hadde fått brukt opp det meste av mitt sokkegarn
og hadde ein plan om å ta fatt på andre ting,
men så ville det seg slik at det vart rydda i eit anna hus
og ein pose med garn havna i mine strikkepinner
.
i posen var det grått og blått garn
.
og med litt smårester frå mitt lager
fekk eg mange og fargerike sokkar.
- no tenkjer eg at søsken, nieser og nevøer kan gå ein varm vinter i møte...
.
- mange bekker små, blir tilslutt ei stor å...
å laga sokkar av smårester er morosamt
og ein må venta til siste maske er strikka
før ein veit resultatet...

mandag 4. oktober 2010

man tar hva man har.....

litt restegarn i fleire fargar
.

vert snart til fargerike sokkar....
.
Desse skal gå til M sitt prosjekt der ho samlar inn til dei svake samfunnet.
- julegåver til desse som sel gatemagasinet i Bergnsområdet.
Har du lyst å delta med sokker, votter, skjerf el. likn
ta kontakt med M.
Ha ein fin kveld.

søndag 3. oktober 2010

Tid for innekos....

Hausten er komen med regn, vind og mørke kveldar.
.

Eg har i dag ordna meg med garn og mønster
.
og mykje stearinlys.....


- no er eg klar for kveldar framfor ovnen,
med varm te i koppen
levande lys på bordet
og eit handarbeid i hendene.