onsdag 11. august 2010

Korssting

Det har blitt mange sokkepar denne våren
og lite å visa fram her på bloggen.
For eit par veker sidan kom eit handarbeidsblad i posten
og eg sat og studerte på alt det fine ein kan lage.
Så kom ånda over meg
og eg fann fram eit korsstingsbroderi som eg kjøpte i fjor.
.
dette var lett å brodera og i ein fei vart eg ferdig
.
for meg skal baksida vera like fin som framsida.... nesten... :-)
Eg tykkjer det like viktig å signera handarbeid - som foto,
med navn og årstal.
Eg har sjølv arva gamle handarbeid
men har ingen mulighet til å vita kven som har laga det
eller kor tid - fordi dei ikkje er signerte.
Om hundre år er allting gløymt - heiter det
men ein treng ikkje så mange år til å gløyma ting som ikkje er notert...
Eg er allereie i gang med eit nytt arbeid
denne gongen på blå botn
- det vert ei større utfordring det, ja.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar