mandag 25. januar 2010

enkle huer

Etter å ha lese innlegget til M i Bloggedamer 40+
der ho har lyst å gjera noko for dei som frys
og som har litt mindre enn oss andre,
rota eg fram gamalt restegarn for å støtta dette prosjektet.
Samtidig fann eg nokre gamle mønster,
deriblant dette huemønsteret.


Eg la opp 128 masker (mann, 120 til damer)
strikka ein rett og ein vrang 28 cm (dame 26 cm),
og fellte av med to omganger to og to rette saman.
Eg brukte pinne nr. 3.
enkel oppskrift,
hua sit godt på hovudet
og går godt nedanfor øyrene.
...
Huene og nokre sokkepar er foreløpig mitt bidrag til
M sitt prosjekt.
.....
Har du lyst til å gjera ein innsats, så ta kontakt med M.

1 kommentar:

  1. Heisan, jeg var inne på din andre blogg, tror jeg, for jeg fant ikke dette innlegget!
    Ha en fin dag, klem,M

    SvarSlett