onsdag 30. september 2009

Grytekluter oppskrift

Har fått spørsmål om oppskrifta på desse gryteklutane.
Eg fekk møsteret forklart av tanta mi, for mange år sidan.
Mange spurde etter oppskrifta og etter ei tid skreiv eg det ned.

Har prøvd å fotografera mønsteret.


Om det ikkje går an å kopiere denne sida,
kan den som er interesert, få oppskrifta tilsendt via mail.

Du kan kontakte meg på: ol-boe@online.no

fredag 25. september 2009

Russesokkar

Russesokkane har denne gongen fått hjertemotiv..
mønsteret har eg funne i "pt design nr 82"
og strikka i pt 5 sport

har kjøpt inn garn til fleire par...

det er noko med at når eg først er komen igang, så er eg ikkje så lett å stoppa...
kor mange par det vert tilslutt, får ein nå bare sjå etter kvart.
...........

fredag 18. september 2009

Vaskefiller

Vaskefille dilla har nådd min heim og...

Har brukt bomullsgarnet Fresco og strikka på pinne 3,5
la opp 47 m
strikka første omgang 1rett og ein vrang
andre omgang rett
fortsatte slik til nøstet var slutt


fekk eit tips av Nunne:
til smågaver: ei vaskefille og ei flaske Zalo
Takk for tipset!

søndag 13. september 2009

isskrapevott

Det hender eg får vera vikar på dagavdelinga for dei eldre, her i bygda,
og der plukkar eg opp mange gode idear.


iskrapevotten har vore ein "hit" i fleire år på dagavdelinga
for min del vart det produksjon kun ein sesong
eg brukte fritidsgarn og store strikkepinnar, og tova vottane i maskinen etterpå.
Varme og gode når ein skal skrapa rutene på bilen ein tidleg morgon.....

tirsdag 1. september 2009

Sokker

Til jul eit år, sette eg igang med eit stort sokkeprosjekt.....
alle vaksne fekk kvar sitt par med slike sokker

når eg bare fekk dreisen på det, gjekk det ganske fort

på mønsteret var det kun to størrelser, dame og herre
eg hadde lyst til at barna skulle få noko liknande, og tok utgangspunkt i eit par barnevotter
laga same stripene i sidene som på dei store sokkane,
og brukte så mykje av vottemønsteret
som eg måtte ha, for å få nok masker.

om du har lyst å strikka sokkar, så trur eg dei heiter russesokker...
(opprinnelig frå Russland - om eg ikkje tek heilt feil)